Sponsor
Utan støtta vi får frå det private næringsliv og det offentlege hadde ikkje Giskespelet eksistert. Vi er heilt avhengig av denne positive drahjelpa.
Det er eit stort frivillegmaskineri som er i gong, mykje arbeid startar lenge før og fokus på den sosiale berekrafta er stor. Det er gratis for dei som vil prøve seg på scena – og alle er velkomne. I løpet av åra så har Giskespelet skapt begeistring og deltakelse langt utover kommunegrensene og ungdommar frå heile regionen vår tek no kontakt for å få vere med.
Vi ser på oss sjølve som ein skodespelarskule, der ein tidleg får prøve seg i ulike roller. Både med og utan replikkar, alle er viktige. Ein får utdelt kostymer og nødvendige rekvisita, ein får profesjonelle instruktørar i regissør og nokre få profesjonelle skodespelarar. Ein finn fort plassen sin i flokken. Ja, vi har til og med ein eigen trivselkomite, som syter for at alle skal føle seg heime og at utenforskap skal vere ikkje-eksisterande
Ei stor takk til alle sponsorane våre, men ein ekstra takk til vår hovudsponsor Sparebanken Møre som er årleg hovudsponsor for Stiftinga Giskespelet frå 2024 - 2030 og til vårt lokale rederi, Giske Havfiske, samt Møre og Romsdal Fylkeskommune og Giske kommune som begge bidreg med driftstilskot. Dette gir oss kraft til å tenke større og utvikle oss vidare. Tusen takk!
Sponsorar 2024