Sponsor

Utan støtta vi får frå det private næringsliv og det offentlege hadde ikkje Giskespelet eksistert. Vi er heilt avhengig av denne positive drahjelpa. ⚔
Det er eit stort frivillegmaskineri som er i gong, mykje arbeid startar lenge før og fokus på den sosiale berekrafta er stor.
Det er gratis for dei som vil prøve seg på scena – og alle er velkomne. I løpet av åra så har Giskespelet skapt begeistring og deltakelse langt utover kommunegrensene og ungdommar frå heile regionen vår tek no kontakt for å få vere med.
Vi ser på oss sjølve som ein skodespelarskule, der ein tidleg får prøve seg i ulike roller. Både med og utan replikkar, alle er viktige. Ein får utdelt kostymer og nødvendige rekvisita, ein får profesjonelle instruktørar i regissør og nokre få profesjonelle skodespelarar. Ein finn fort plassen sin i flokken. Ja, vi har til og med ein eigen trivselkomite, som syter for at alle skal føle seg heime og at utenforskap skal vere ikkje-eksisterande

Ei stor takk til alle sponsorane våre, men ein ekstra takk til vår hovudsponsor Sparebanken Møre som er årleg hovudsponsor for Stiftinga Giskespelet frå 2024 - 2030 og til vårt lokale rederi, Giske Havfiske, samt Møre og Romsdal Fylkeskommune og Giske kommune som begge bidreg med driftstilskot. Dette gir oss kraft til å tenke større og utvikle oss vidare. Tusen takk!