Finn Arneson eigde storgarden Austråt i Ut-Trøndelag og budde der. Han var gift med Berljot Halvdansdotter (ho var brordotter til Olav Haraldsson og Harald Hardråde). Dei hadde døtrene Ingebjørg og Sigrid, og frå desse døtrene ættar mange kongar og jarlar t.d. Erling Skakke og sonen kong Magnus, og kong Magnus Lagabøter. Ved sida av Kalv og Torberg er Finn den mest kjende av Giske-brørne. Finn var ikkje av den sløge typen, som Kalv. Han var trufast, stridlyndt, hissig og korttenkt. Som ung var han hirdmann hos Olav Haraldson, og då stadig fleire norske hovdingar i løynd slo seg i lag med Knut den mektige, som var Olav sin fiende, vart Finn utsend for å overtale eller true dei til lydnad mot Olav (Snorre, Norges Kongesagaer, kap. 139).

Finn i slaget på Stiklestad

Vinteren 1028 – 1029 fylgde Finn med Olav på røminga til Gardarike, og i 1030 var Finn med Olav på ferda som enda på Stiklestad. Rett før slaget på Stiklestad, medan dei venta på bondehæren, kvilte kongen hovudet i fanget på Finn og sovna. Då dei såg at bøndene sin hær kom, vekte Finn kongen, men då kongen vakna, sa han: ”Kvifor vekte du meg Finn, og let meg ikkje nyte draumen min?” Finn svara: ”Du drøymde vel ikkje slikt at det ikkje var rettare for deg å vake og bu deg mot den hæren son no fer imot oss; eller ser du ikkje at no er heile bondehæren kommen?”. Kongen svara: ”Dei er ikkje so nær oss enda at det ikkje hadde vore betre at eg hadde sove. Da sa Finn: ”Kva drøymde du, konge, med di du tykkjer det var slik skade at du ikkje vakna av deg sjølv?” Då fortalde kongen draumen sin, at han tykte han såg ein høg stige, og at han gjekk opp etter den så langt opp i lufta så langt at han tykte han såg himmelen opna seg, og så langt nådde stigen: ”Eg var nett komen på det øvste steget,” sa han, ”da du vekte meg.” Finn svara: ”Eg synest ikkje denne draumen er så god som du synest. Eg tenkjer dette varslar at du er feig, såframt det er noko anna enn berre søvnørske som kom føre deg.” (Snorre, Norges kongesagaer, kap. 214). I slaget på Stiklestad kjempa Finn på kongens side mot bror sin Kalv, og brørne vart ikkje forlikte før Kalv hadde brote venskapen med danekongen.

Trufast bror

Finn synte seg som ein ættekjær og trufast bror. Då Kalv måtte røme landet for Magnus den gode og Harald Hardråde, fekk Finn til eit forlik, slik at broren hans skulle få att eigedomane sine og ha dei same rettane som før. Men kong Harald sveik Kalv og vart skuld i hans død. Då reiste Finn frå landet. Han drog i teneste hos kong Svein Ulvsson i Danmark, og så vidt vi veit kom han aldri tilbake til Norge. Finn har i allefall levd til 1062, då er han nemd i eit sjøslag der han kjempa mot Harald Hardråde.