Berre 15 minutt frå Ålesund ligg øya Giske. I eit vakkert middelalderamfi vil vi ta deg med på ei reise tusen år attende i tid. Mykje folk og bilar skal plasserast under Giskespelet, så møt i god tid. Spelet vert framført i friluft – uansett ver. Sola kan skine, men nordavinden i ytre strok kan og vere kald i juni, sjølv om utescena ligg i ly under Ørnebakken.
OBS: 20 minutt før kvar framsyning er det eit forspel i Amfiet, dette bør du ikkje gå glipp av. Møt i god tid!
Parkering
Under spelhelga er det parkering ved Giske skule. Derifrå går du ein liten spasertur på om lag 7 minutt ned til Giskespelet. Giske Amfi ligg berre 200 meter frå ei småbåthamn, der det er mogleg for av- og påstiging.
Rullestolbrukar
Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett. Du vil få reservert parkering ved kyrkja, som ligg like ved spelplassen.
Kafé
I Gamle Gullik vert det sal av mat og drikke. Dette gamle tømmerhuset stod opphavleg ved Giske kyrkje, men vart flytta i 1870. Her får du også kjøpt trykk av årets spelkunstverk.

