Nicolai Cleve Broch har rolla som kong Olav Haraldsson den Heilage i Giskespelet for andre gang. Dette er vi i Giskespelet svært glade for.

Han er ein av dei mest feira og suksessrike film- og teater- skodespelarar i Norge for tida, Dei fleste har sett han i ei av hovudrollene i Max Manus-filmen, ein stor suksess. Han har også spelt i Buddy, Den siste revejakta og i ei rad andre norske filmar i dei siste åra.

Konge på Stiklestad og på Giske
I 2004 hadde Nicolai Cleve Broch rolla som kongen – Olav Haraldsson den Heilage – i det vidkjende Stiklestad-spelet.
I Giskespelet, som på mange måtar er eit forspel til slaget på Stiklestad, får skodespelar Broch høve til å gi ei tolking av denne kongeskikkelsen – så full av spenningar og motsetningar.

Ekstra inspirasjon
Giskefolket er etter kvart blitt vande med å spele mot landskjende skodespelarar i kongerolla. Mellom andre har dei hatt Anders Baasmo Christiansen og Paul-Ottar Haga som Kong Olav dei siste åra. Det gir ekstra inspirasjon og stadig ny teaterkunnskap å spele saman med folk med ei sånn scenerøynsle som desse har.

At han no kjem til Giske, er eit kupp for utviklinga av kongerolla og av sjølve spelet. Responsen blant det yngre kinopublikum var i alle fall spontan og gledeleg, då det blei kjent at han skulle spele i amfiet på Giske.

Foto: Marius Hauge