Alt ein halvtime før spelet startar kan du skru tida tilbake
– nesten 1000 år. I amfiet på Giske har familiar frå vikingtida tatt til med sine kvardagslege oppgåver og til stemningsfull musikk, medan tribunane vert fylte av menneskjer, får du eit innblikk i korleis smeden, fiskaren husfolket og barna levde livet på Giske.

Gå ikkje glipp av det yrande livet som set deg i stemning før Giskespelet startar.